KRAKEN For-premiere
Når ei bygd i Sognefjorden vert ramma av mystiske hendingar, vert marinbiologen Johanne Berge motvillig sendt til bygda for å undersøka. Rare naturfenomen, merkelege lydar fra djupet, og ei tragisk ulykke vekkjer mistanke om noko farleg som truar fjorden. Mens Johanne kjempar mot både miljø-øydeleggingar og si eiga fortid, må ho avsløra sannheita før skrekken frå djupet tek over…
Laurdag 31. januar kl 19.00 ynskjer me deg velkomen til for-premiere på KRAKEN på Kjølekaien i Aurland! Dette vert ei forpremiere noko utanom det vanlege, og filmen vert vist i verkeleg stort format. Før og under visninga vert det mogleg å kjøpa varm drikke og noko å bita i, men også popcorn, som vanleg.
Me vil prøva å setja ut så mange stolar/benkar som råd er, men det er fint om du har ein stol du kan ta med deg for eigen bruk.
Restriksjoner
Aldersgrense på arrangementet: 12 år (ned til 9 år med følge av vaksen person).